Voss

Bunad Voss

Trøye

Er kort og i svart klede. Den har nedbretta slag og oppståande krage med stikningar. Det er sju sølvknapper på kvar side av åpningen foran, men trøya skal være åpen slik at vesten syns.

Bukse
Knebukse blir mest brukt. Den er i svart klede, og har linning og sølvspenne ved kneet. I splitten sit tre sølvknapper. Langbukse kan og nyttast.

Vest
Det er to typer vestar til denne bunaden. Den eine er i raudt klede og vart brukt av gifte menn. Midt foran har den eit grønt stykke med smale raude kantar, som knappast med ei rad doble sølvknapper. Fram og over dette går det raude forstykka, som har ei rad med litt større sølvknappar på kvar side. Dette skal gi inntrykk av det er to vestar. Den har oppståande krage med stikninger og to lommer kanta med grønt stoff. Ryggen og fôret er av ubleika lerret. Den andre vesten var opprinneleg for ugifte. Den er raud med grønne kantingar. Mest vanleg er det med enkel knapping, men dobbel knapping vert også nytta.

Skjorte
Er av lin eller bomullslerret. Hals- og ermelinninger kan ha kvitsaum. Også langs splitten i brystet kan det være broderi, men dette er gjerne noko smalare enn på halslinningen.

Strømpe
Strømpene er mønsterstrikka i naturkvit ull. Her er det mange forskjellige mønstre å velge mellom. Sokkebanda er oftast laga av raudt og grønt ullgarn.

Hodeplagg
Svart filthatt oftast i bruk.

Annet
Svarte bunadsko med sølvspenne høyrer til. Sølvet består av mansjettknapper og hengsleknappar til halsen, i tillegg til knappene på trøye, vest og knebukse. Vesten har også ei spenne i ryggen. Klokkekjede og slirekniv høyrer med til denne bunaden.
Ødegård AS • Ødegård AS, 3570 Ål • Tlf: +47 32 08 20 82 • E-post: post@mannsbunaden.no - Design på norsk: Utforming.no  /  Publisert med WideCMS