Vest-Agderbunad

Trøye til vest-agderbunad
Er i svart ullstoff, og har grønn oppeståande krage og nedbretta slag. Mansjettane er og grønne og har tre sølvknapper. Trøya har to rader med sølvknappar, men skal ikkje knappast. Bukse til vest-agderbunadKnebuksa har brei klaff. Den er i same stoff som trøya, og har grønn knelinning med spenne, samt tre sølvknappar og spenne ved kneet. Klaffen vert halde oppe med fem store, flate sølvknappar. Vest til vest-agderbunadEr i stripemønstra ullstoff med svart botn. Den har oppståande krage, nedbretta slag, og ei lomme på kvar side. Ryggen er av lin og har spensel. Vesten er enkeltknappa med seks sølvknappar. Skjorte til vest-agderbunadEr i lin eller bomull, med oppståande krage. Den har kvitsaum på krage og håndlinningar. Kan og vera utan kvitsaum. StrømpeSokkane er mønsterstrikka i kvit ull, og vert halde oppe med fleirfarga sokkebånd. SøljeDobbel halsknapp og bringeknapp vert nytta. HodeplaggSvart filthatt vert nytta. AnnetSølvet består av ein stor dobbel halsknapp og ein bringering. I tillegg til dei fem flate knappane til bukseklaffen, er det totalt 26 høge knappar til vest, trøye og bukse.
|