Om oss

Ola Perstølen vart født 26.11.1877. Han var, som far sin Per, skreddar av yrke. Ola sin son gjekk også inn i skreddaryrket, og denne familien starta butikken Ola Perstølen i 1917. Drifta handla primært om skreddarvirksomheit ved sidan av salg av klær og stoff. Seinare vart verksemda utvida med bokhandel.

Underteikna kjøpte klesbutikken av Ola Perstølen 1.7.1985. Firmaet heitte fyrst Perstølen ettf., men skifta namn til Ødegård AS 1.1.1994. Butikken har dermed vore i drift i snart 90 år.

Me starta med herrebunad frå Hallingdal i 1985 og utvida produksjonen med numedalsbunad og gudbrandsdalsbunad i 1988. Sidan 1994 har me delteke aktivt i utviklinga av bunad saman med Solhjell AS i Molde. Per i dag tilbyr me til saman 37 ulike bunadar.

I 2005 starta me med damebunad frå Hallingdal, meir presist festbunad og rukkastakk, samt nokre stakkar. Når det gjeld stakkane har me i dag 5 farger (svart, blå, grønn og to slag raudrutete), 100 ulike overliv og 13 ulike stakkeband. Til saman utgjør dette ca 6500 ulike kombinasjonar å velje i.

Dei siste åra har me også utvikla og fått laga mykje bunadsutstyr frå dei ulike distrikta. Ein kan nemne sølvknappar, halsnål, selar, hattar, klokkeband og forskjellige posar til oppbevaring.

-Leif Kåre Ødegård-

 


 ANSKAFFELSE AV BUNAD

  1. Ta kontakt for avtale om visning og måltaking på telefon 32082082.
  2. Gjennomgang av kundens behov etterfulgt av måltaking. Knappar og skjorte vert bestemt. Ved måltaking tek me eit forskudd på kr 6000,-, forskuddet kan betalast kontant eller fakturerast. 
  3. Produksjonstida er 5–10 veker. Når bunaden er ferdig ringer me deg for avtale om prøving.
  4. Ved prøving er det 95% sjanse for at bunaden passar perfekt, medan 5% har mindre rettingar. Kunden velg deretter tilleggsutstyr.
  5. Bunaden må betalast ved overtaking eller over bank før prøving. Me godtek bank axept (dei fleste bankkort har bank axept). Me godtek ikkje kredittkort frå Visa, Diners, Eurocard, osv.

 


ANSATTE I ØDEGÅRD AS

 

BUNADSBUTIKK ÅL/ OSLO: Ola Stave og Leif Kåre Ødegård

MÅLTAKING I OSLO: Vegard Ødegård og Anita Ødegård

BUTIKK ÅL: Berit Asgrimplass og Dagfrid Ødegård

SYSTUE ÅL:
Berit Liodden, Britt Trondskog og Anne Berit Jonseth

 

Ødegård AS • Ødegård AS, 3570 Ål • Tlf: +47 32 08 20 82 • E-post: post@mannsbunaden.no - Design på norsk: Utforming.no  /  Publisert med WideCMS