Bunadsutstyr - Andre leverandører

Sjå oversikta nedanfor over dei produkta me tilbyr. 

For meir informasjon send ein mail til: post@mannsbunaden.no eller ring oss på tlf: 32 08 20 82.

Bunadsfrakk
Ødegård AS lagar ein bunadsfrakk som er bygd på tradisjon og kan nyttast til alle mannsbunader. Den er i svart, vanntett ullstoff og når ned til like over kneet. Grunnen til at denna vart laga er mangel på eit plagg som kan nyttast utanpå bunaden. Biletet syner ein detalj på skulderen til bunadsfrakken.
Bunadskjorte
Bunadsskjorte frå Hallingdal med kvitsaum. I tillegg leverar Ødegård AS fleire utgaver av bunadskjorter i lin eller bomull, alt i beste kvalitet. Samtlige er utstilt i butikken på Ål. Prisen på skjorte frå Hallingdal er mellom 1100/1900 og 4000 kr, avhengig av stoffkvalitet og om den er brodert eller ikkje.
Bunadskniv
Bunadsknivar er vanleg til dei fleste mannsbunader. Vårt utvalg gjeld alle distrikt og prisane ligg frå 1900 og oppover.
Bunadsring
Bunadsring for begge kjønn til bunad eller til kvardags. Produsert i 925S i alle størrelsar. Pris pr. ring er kr. 550.- pr. ring, ved kjøp av sett (2 ringar) vert samla pris kr. 900.-.
Bunadssokkar
Mange variantar vert nytta. Ødegård AS har 7-8 forskjellige slag på lager, biletet syner nokre av alternativa. Prisane varierar frå kr. 300-1400.
Buserull
Me har laga ein buserull etter eit gammelt mønster og leverar den i to utgaver som vist på biletet. Begge er i vevd bomull (verkenstoff) og held høg kvalitet. Målsydd busserull kostar kr. 2400.-, medan størrelsessydd busserull ligg på kr. 990.-.
Fyrierm
Handbrodert handring som vært nytta på armlinninga til bunad frå Hallingdal. Desse finns i mange fargar, broderingar og mønster. Pris kr. 1900.-.
Halsklutar
Halsklut vert mest brukt i Hallingdal. Fargene kan også vera dei samme som i andre halstørkle. Stoffet som vart nytta er trykka eller vevd silke. Ferdig sydde halsklutar kostar kr. 700.-, medan slør du knyt sjølv kostar mellom 750 og 1700 kr.
Halsknapp
Biletet syner ein av halsknappane som vert brukt i Hallingdal. Denne doble halsknappen kostar kr. 700,-, medan ein enkel halsknapp kostar kr. 400,-. Me førar halssøljer til alle mannsbunadar. Alle vert laga i sølv 830S eller 925S. Ny modell frå Hallingdal kostar kr. 350,- eller 450,- avhengig av kva størrelse som vert valgt.
Knespenner 1010
Knespenner i sølv som kan brukast til alle mannsbunader. Kraftig kvalitet og enkel i bruk.
Knivknapp
Knivknappen er forma som ein sølvknapp og kan nyttast på alle mannsbunader. Knappen kostar kr. 350,- og er laga i 925S.
Sokkeband
Fingerhekla (på biletet) eller vevde sokkeband i forskjellige farger og modellar vert nytta. Pris kr. 800,-.
Sølv til damebunad frå Hallingdal
Me leverar sølv til damebunad frå Hallingdal, både oksydert og blankt. Festbunad kompl. 7590 vår pris er kr. 6000,- for komplett sett. Me har også eit alternativt sett til kr. 3900,-. Til rukkastakk kostar komplett sett kr.7380 vår pris 5900.-, men det kan også nyttast eit sett til kr. 3800,-. Eit komplett sett består av sølje, blad og anheng.
Sølvklokkar
Ødegård AS har kontakt med fleire antikvitetshandlarar og leverar derfor brukte, gamle klokker. Desse har i større eller mindre grad sin eigen samleverdi. Prisane varierar frå kr. 1000,- og opp til mange tusen kroner. Alderen på klokkane er frå 20-30 år til 200 år gamle. I butikken på Ål har me 80 -100 klokker for salg til einkvar tid.
Sølvknappar
Me leverar knappar til alle mannsbunader. Biletet syner knappar til Hallingbunad. Knappane leverast i sølv, tinn, messing og bronse.
Ødegård AS • Ødegård AS, 3570 Ål • Tlf: +47 32 08 20 82 • E-post: post@mannsbunaden.no - Design på norsk: Utforming.no  /  Publisert med WideCMS