BUNAD TIL DAMER OG MENN
Bunader og folkedrakter har lange og sterke tradisjonar i Noreg og Ødegård AS er stolt over å vera ein kvalitetsleverandør av bunad til dei fleste distrikt i landet. Ødegård AS har bortimot 30 års erfaring med bunader.
ØDEGÅRD AS starta med bunad i 1985 i samarbeid med Solhjell i Molde. No har me over 45 ulike mannsbunader frå dei fleste distrikt. I 2005 starta me med damebunad frå Hallingdal og leverar no festbunad, rukkastakk, helgestakk, grønn stakk, blå stakk og kvardagstakk. I 2012 utvida me produksjon av damebunad til fleire distrikt, og kan no levere mellom anna damebunader fra Romsdal, Sogn, Rondastakk fra Gudbrandsdal, Helgestakk fra Hallinddal og Beltestakk fra Telemark m.m. Ta kontakt med oss for meir informasjon og ein hyggeleg bunadsprat.
Måltakingar og bestilling av bunad kan skje i butikken på Ål (Sundrebygget), Oslo, Drammen, Hønefoss, Fagernes eller Bergen etter avtale. Utlevering av bunaden skjer frå Ål sjølv om den har vorte målteke andre stader.
www.hallingbunad.no - www.mannsbunaden.no - www.bunadshandel.no
NY NETTBUTIKK - for handel av bunadsutstyr på nett:

Egen nettside for hallingbunad: www.hallingbunad.no
Følg oss på Facebook:
Hallingbunad - Mannsbunad - Ødegård herre og ungdomsklær
ÅPNINGSTIDER I BUTIKKEN PÅ ÅL: MANDAG STENGT TIRS -FRE 10 -16 LØR 10 -14
Har du nokon spørsmål så kontakt oss på e-mail bunaden@online.no eller tlf 32 08 20 82.
Med helsing
ØDEGÅRD A.S.
3570 ÅL
 Grønnstakk, blåstakk og helgjistakk (fremst på sidene), rukkastakk og festbunad (bak i midten) for damer. Helgjikledu og fiskekjelke (bak i midten), samt korttrøye (fremst til venstre) for karar. Samtlige er frå Hallingdal. #bunad
 Både rukkastakk og fiskekjelke har sitt utspring frå 1700-talet. Rukkastakken kan leverast i mange ulike overliv og fleire ulike border nede på stakken. Fiskekjelken vart brukt i Hallingdal, samt i Krødsherad, Sigdal, Eggedal og utover mot Modum. Den raude vesten var til festhøgtid, men svart vest vart også nytta.
 Fiskekjelke med raud vest.
 Korttrøye fra Hallingdal med lang- og knebukse.
 Helgjikledu og fiskekjelke.
 Brudgomsbunad frå Hallingdal og Valdres.
 Valdresbunad med lang- og knebukse.
|