Hallingbunad/Krødsherad - Fiskekjelke
 Trøye til fiskekjelke"FISKEKJØLKJI" er laga i svart klede og har oppståande krage. Jakka er lenger enn den korte jakka fra Hallingdal. Fleire stader vert det nytta fløyel både rundt kragen, på armane, på slaga foran og i tillegg nederst på jakka. Det er tre kiler i ryggen som gjer at jakka fell fint i ryggen. Bukse til fiskekjelkeBuksa er ei lemmebukse som enten lang eller er knekort. Den er sydd av same stoffet som jakka. På knebuksa vert det nytta seks sølvknappar på kvar side. Vest til fiskekjelkeVesten er også i same stoffet som jakka og buksa, eller den er i silkebrokade. Silkebrokade vart nytta til svært høgtidelege tilstellningar som t.d. bryllaup. Vesten har to rader med sølvknapper. Skjorte til hallingbunadSkjorta har kvitsaum i kragen og er laga som ei vanleg skjorte til Hallingbunad. HodeplaggTil denne bunaden vart det nytta ei kollelue som er raud og svart med fløyelsband. AnnetDet vert nytta fyriermar, sokkeband, selar, halseklut, bunadsko, klokkeband og sølvklokke.
|