Masfjordbunad

Bunad Masfjord

Trøye til masfjordbunaden

Trøya er av svart vadmel eller klede. Kragen er oppståande, og kanta med grønt ullband. Lommeklaffane og  framsida av trøya har grønne kantingar. Ermane har påsatt eit grønt ullbånd, slik at det ser ut som ein oppbrett. Trøya har ei knapperad på kvar side av åpningen, og knapphol som ikkje er oppklypt. På lommeklaffane og ermane er det tre knappar, og knappehol kanta med grønt.

Bukse til masfjordbunaden
"Lokabrok" i same stoff og farge som trøya. Den har smalt lokk med ei lomme på kvar side. Den rekk godt nedanfor kneet og har knelinning med spenne, og tre knapper i splitten ved kneet. Øverst har buksa ei smal linning med ein knapp, tre knapper på lokket og ein på kvar lomme.

Vest til masfjordbunaden
Er i raudt klede, og har ein grønn innfelling foran. Vesten har to rader med knappar på den grønne innfellinga og to rader på sjølve vesten. Knappehola er kanta med grønt og gult. Ryggen er av ubleika lerret eller baskerlin, og har spensel med spenne. Den har oppståande krage og grønne kantingar.

Skjorte til masfjordbunaden
Skjorta er i kvit lin med eller utan kvitsaum, eller anna broderi.

Strømpe
Dobbel halsknapp med eller utan heng.

Sølje
Dobbel halsknapp med eller utan heng.

Hodeplagg
Raud topplue med eller utan grønn kant.

Annet
Knappane er enten i sølv eller tinn.
Ødegård AS • Ødegård AS, 3570 Ål • Tlf: +47 32 08 20 82 • E-post: post@mannsbunaden.no - Design på norsk: Utforming.no  /  Publisert med WideCMS